Typisk

  • Endeleg er 2020 over, Bergen har ikkje lenger 950-årsjubileum. På slutten av året og inn i det nye, går filmen «Bergen – i all beskjedenhet» på kino oftare enn dei fleste bussruter. Dei har samla eit rikt materiale med fantastisk flotte bilete frå dei siste hundre åra, akkompagnert med bergensk musikk, anekdotar og skildringar frå mange kjente og ukjente kjære. Bergens Tidende gav filmen seksar på terningen, Bergensavisen meir nøktern med ein femmar. Begge slår fast at det vert grining. Eg såg filmen med ein medstril, og tjue sekund ut i filmen såg vi på kvarandre og sa «faen, me skulle hatt ein bingo».

Dagboka