PRESS: Høg arbeidsløyse, konkursbølgje og ungdommar som blir sitjande isolerte. Det er hovudbekymringane til finansministeren for 2021. – Då eg overtok som finansminister, var sysselsetjinga på veg opp. Arbeidsløysa var låg og nedgåande. Veksten var god, seier Jan Tore Sanner til NTB. I år har regjeringa brukt 130 ekstra oljemilliardar på krisehandteringa. Neste år er det sett av 40 milliardar kroner til mellombelse koronatiltak, på toppen av eit budsjett som er skrutt inn mot å skape aktivitet i økonomien.Og det vil komme meir, garanterer Sanner. Regjeringa planlegg for ulike scenario frå 1. mars, når dagens breie kompensasjonsordning går ut.©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Typisk
Dagboka
- Endeleg er 2020 over, Bergen har ikkje lenger 950-årsjubileum. På slutten av året og inn i det nye, går filmen «Bergen – i all beskjedenhet» på kino oftare enn dei fleste bussruter. Dei har samla eit rikt materiale med fantastisk flotte bilete frå dei siste hundre åra, akkompagnert med bergensk musikk, anekdotar og skildringar frå mange kjente og ukjente kjære. Bergens Tidende gav filmen seksar på terningen, Bergensavisen meir nøktern med ein femmar. Begge slår fast at det vert grining. Eg såg filmen med ein medstril, og tjue sekund ut i filmen såg vi på kvarandre og sa «faen, me skulle hatt ein bingo».