DebattHelseArve Kirkevik, styreleiar i Informasjonssenteret Hieronimus
Skal me finna oss i kva som helst berre me får ei raudgrøn-regjering etter valet i 2021? Det spørsmålet vil eg oppmoda alle på venstresida om å stilla seg sjølve. Kjersti Toppe og tre andre Sp-arar har kome med eit representantframlegg der intensjonen er å reversera endringa i psykisk helsevernlova som vart sett i verk i 2017. Terskelen for tvangsbruk vart då litt høgare.