Solveigs salt

Veslemøy lengtar

Kan du ikkje få velsigninga, kan forbanninga gjera same nytte.

Hadde eg følgt betre med i bokmeldingar og forfattarintervju, hadde eg visst at Vigdis Hjorth var inspirert av Arne Garborg då ho skreiv «Er mor død». Som det no var, fekk eg gleda ved å finna det ut mens eg las. Først ein dåm av «Kolbotnbrev» i den sarkastiske måten som hovudpersonen Johanna skildrar sin eigen utanforskap på. Og når ho leiter etter sinnsro hos «min rette mor, skogen der jeg har laget rede», er det full opning mot «Den burtkomne Faderen», der den ulukkelege sonen prøver å avslutta leitinga etter Gud: «Og Faderen er burte; men naar Dag lid til Kvelds, gjeng eg heim til ho Mor, til mi rette Mor: heim til Naturi.»

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Vendepunkt

Ingen frå barndomsheimen min levde til dei var syttiåtte, og i sommar fylte eg syttisju. Det gjer dette året ganske spennande. Ikkje berre rykker døden stadig nærare: Dersom eg er i live til neste fødselsdag, vil eg ta det som ei symbolsk stadfesting av at same kor sterkt dei insisterte på fellesskap i lagnad og liding, var eg aldri ein av dei, i alle fall ikkje etter 1970, då familien eksploderte og eg flytte på hybel for første gong. På den tida kunne mor og far òg fått ein ny start. Begge to var framleis i førtiåra, og hadde dei fått støtte og rettleiing frå erfarne folk, skulle dei nok greidd å ordna seg med hus og arbeid kvar med seg. Som det no var, berre dumpa dei seg på storesøster mi og mannen hennar, som hadde nok å stri med frå før, og overlét det til dei å skapa ei ny ramme for tilværet, eller rettare sagt, å reparera den gamle så pass at det kunne sjå ut som eit verdig liv. Det vil seia at mor flytte saman med mormor, formelt for å hjelpa henne i alderdomen, i realiteten for å halda fram med den same krangelen som ho hadde hatt med far, mens far kom på legd hos søster mi. Dei skjøna nok at eg var på veg ut or maktsfæren deira, og det var sikkert ikkje utan sjølvforsaking at dei gav meg eit tilbod som eg ikkje kunne seia nei til: Eg og den nye kjærasten min skulle få bu saman i det huset som stod tomt etter farmor og farfar.

Små søsken

Den kvithåra mannen såg stø og trygg ut der han sat og fortalde om kor hyggjeleg det var å henta barnebarna i barnehagen. Så med eitt brast han i gråt fordi det eine, ein stor og tung gut med Downs syndrom, støtt gjekk til åtak på veslesøstera. Verken foreldre eller besteforeldre visste noka råd med det, for dei hadde jo alltid høyrt at barn med Downs var så snille. Det anstrengte dei seg av all si makt for å tru framleis, og bestefaren tørka skamfull bort tårene og snufsa at det var vel i grunnen hans eiga skuld. «Vi har en liten søster, vi har en liten bror, som er litt annerledes enn andre barn på jord», står det i eit dikt av den fine lyrikaren Inger Hagerup som den herlege skodespelaren Wenche Foss ofte sa fram, med ein varme som kunne smelta stein. Ho hadde sjølv vore mor til ein av dei som kjem til verda med mindre handbagasje enn folk flest, og visste kva ho snakka om når ho bad oss alle gje dei glede til siste båt skal gå. Men det kunne nok òg få oss til å tru at berre me vinn over våre eigne fordomar, er det medvind heile vegen fram. Halldis Moren Vesaas har òg skrive klokt og kjærleg om einsamflygarar og andre avvikarar.

Giftig under­vising

Dei elendige Pisa-resultata har gjort ein hundre og førtito år gamal roman, «Gift» av Alexander Kielland, pinleg aktuell. For i den gamle skulen hadde latin og gresk så høg prestisje at ingen våga endra på det, sjølv om nytteverdien var under null. I vår tid er det den overspente teknologioptimismen frå førre tusenår som er komen for å bli, trass i at han syg energien ut or elevane, og spyr dei ut igjen som «små fortørkete hoder» som ikkje greier finna fram i den verda dei lever i. No sett me vår lit til ein kunnskapsminister som heldigvis lèt til å vera langt meir handlekraftig enn den tragiske heltinna i «Gift», den rike og vakre fru Wenche som har alle dei rette meiningane, men verken greier ta vare på seg sjølv eller sonen Abraham. For meg er det særskilt interessant at både ho og Kari Nessa Nordtun høyrer heime i Stavanger, der eg var tilsett ved katedralskulen i femten år, og underviste i historie i det same klasseromet som dei oppdikta tenåringane Abraham og Marius pugga gloser i. Det kunne vera tungt nok for levande ungdom òg å forstå kva dei skulle med til dømes Første verdskrig – heilt fram til nittitalet, då Jugoslavia gjekk i oppløysing med grenselaus brutalitet, og skapte ein uventa og omfattande trong til å finna ut kvifor Europa hadde blitt som det var. Tanken bak innføringa av data i skulen var at det skulle opna verda for elevane på tilsvarande vis. Trykte bøker var berre for dei som ikkje hang med i utviklinga, som å halda lærd latin og antikk gresk kunstig i live i eit samfunn der digital kompetanse er alt ein treng. I staden har det fått synsfeltet til å skrumpa inn.