Sidan Donald Trump flytta inn i Det kvite hus, har Hollywood blankpolert og skjerpa sitt image som forsvarar av demokrati og rettsstat. Filmstjerner, regissørar og industrileiarar har reagert offentleg, i dels uvanleg plumpe ordelag (Robert De Niro: «F*** Trump!») på at presidentens retorikk og handlingar har sverta statsmannsskikk og rokka ved statslegitimerande prinsipp.
Hollywood er mot Trump, men filmstudioa har sjølv laga falske valkampfilmar og kua progressiv politikk: