Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Hollywood er mot Trump, men filmstudioa har sjølv laga falske valkampfilmar og kua progressiv politikk:

Hollywood med folket?

BAK SKJOLDA TIL OPPRØRSPOLITIET: Hollywood har ei tvitydig historie som forsvarar av demokrati og folkeleg aktivisme. Her frå «The Trial of The Chicago 7», lansert i oktober.FOTO: NETFLIX Photo Credit: Niko Tavernise

Moderne medie-valkamp starta då Hollywood ville knuse ein sosialist.

Sidan Donald Trump flytta inn i Det kvite hus, har Hollywood blankpolert og skjerpa sitt image som forsvarar av demokrati og rettsstat. Filmstjerner, regissørar og industrileiarar har reagert offentleg, i dels uvanleg plumpe ordelag (Robert De Niro: «F*** Trump!») på at presidentens retorikk og handlingar har sverta statsmannsskikk og rokka ved statslegitimerande prinsipp.