På laurdag kjøpte Naturvernforbundet aksjane Bjørnafjorden kommune hadde i lobbyselskapet Hordfast AS. Selskapet arbeider for det store fjordkryssingsprosjektet ferjefri E39 og vil byggje to svære bruer for fleire titals milliardar kroner som skal kutte reisetida sørover frå Bergen. Eigarane er kommunar i området, næringslivslag og største eigar NHO. Naturvernforbundet er så klart sterkt imot det dei meiner er rasering av viktig natur. I pressemeldinga varslar dei framlegg på første generalforsamling om å leggje arbeidet til selskapet på is fram til nasjonalpark staden for motorveg er greidd ut.