Solveigs salt

Rublar og dollars

Dei som definerer verdiane, sit med bukta og begge endane.

Heile livet har eg venta utolmodig på at likestillinga skal bli fullført. Dessverre raknar det igjen kvar gong eg trur me er i mål, no sist med metoo. Kva er det med mødrene til desse jentene, kvifor har dei ikkje lært døtrene sine å ha glede av menn utan å koma til skade? Somme tider trur eg på ein verdsomfattande kvinnekonspirasjon der målet er å bryta ned seg sjølv og ta resten av hokjønnet med i fallet. For det får då vera måte på å gå i den same fella generasjon etter generasjon.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Maktgrunn­laget

Under innsettingsseremonien lova Haakon den åttande å herska over kongeriket i samsvar med Grunnlova, så sant hjelpe han Gud. Det er eit viktig atterhald, for alle kan gjera feil, og dersom Gud ikkje greier ordna opp, kan han alltids orsakast med manglande eksistens. Men enten Gud finst eller ikkje, det hadde aldri funnest noko norsk kongedøme utan han. Heidningen Harald Hårfagre kunne fara land og strand og samla riket alt han orka, straks han snudde ryggen til, datt det frå einannan igjen. Det var fordi Olav digre hadde kyrkja å støtta seg på, at han lukkast så mykje betre. Det eineveldige kongedømet av Guds nåde som fanst i dansketida, der kongen berre stod til ansvars for Vårherre, var likevel berre eit intermesso. Heilt sidan vikingtida har alle nye regentar måtta godkjennast av den herskande opinionen.

Menn som elskar

I den norrøne versjonen av Tristan og Isolde, tilrettelagd for hoffet til Håkon Håkonsson av munken broder Robert i året 1226, står det at dronninga treivst svært godt med å ha to menn. Men ingen av dei hadde ei anna kvinne enn henne. Den hemmelege elskaren greidde ikkje eingong å fullbyrda ekteskapet med den unge jenta som han gifte seg med for syns skuld. Sånn er det òg i forteljinga om riddarane av det runde bord. Trass i at dronning Guniver har eit konvensjonelt samliv med kong Artur, er riddar Lancelot så einsidig retta mot henne at når han blir narra til sengs med ei anna, reagerer han med eit anfall av sinnssjukdom som varer i fleire år. Ingen av desse mennene har fått nemneverdig merksemd innan psykologi, filosofi og historie, eller nokon annan stad for den saks skuld. Det har heller ikkje trojanarprinsen Paris, endå det var fordi han var så lidenskapleg forelska i den skjønne Helena, og så likegyldig med korleis det gjekk med alle andre, at Trojakrigen drog ut i ti år. I den tredje songen i Iliaden blir grekarar og trojanarar einige om å arrangera tvikamp mellom dei to mennene til Helena like utanfor den trojanske bymuren. Ho vonar i sitt stille sinn at Paris skal tapa, for ho er lei av han og lengtar etter det livet ho hadde før.

Mannlege kjensler

Den som lagar film av gamal litteratur, har høve til å visa eit stort publikum både korleis sed og skikk skiftar, og korleis menneskehjartet er likt seg sjølv til alle tider. Men dersom det bryt for mykje med det me er vande med å sjå, vil ingen vil kjøpa billett. Derfor har alle amerikanske filmar med handling frå oldtida heilt sidan «The Ten Commandments» frå 1956 til «The Odyssey» sytti år seinare servert oss stive overlepper i staden for bankande hjarte. Det er ikkje så mykje fordi det ikkje finst ekte mannfolk lenger som for at kjønnsrollene har endra seg så radikalt at det som var normalt for tre tusen år sidan, har blitt tabu no. Brad Pitt kunne vore ein herleg Akilles i «Troy» frå 2004 dersom han hadde fått lov til å vera ulukkeleg forelska i slaven sin, og klaga si hjartans naud til ei mor som var ei evig ung djuphavsgudinne med sølvføter i staden for ei aldrande Julie Christie som gjekk og vassa inne på grunna. Like eins ville Matt Damon fint greidd å løfta fram den omskiftelege Odyssevs om han hadde fått krypa opp på stranda dagen før prinsesse Navsikaa kom køyrande med ei tospent muldyrvogn full av skitne klede. Men eit kinopublikum av i dag ville nok ikkje ha godteke at Penelope oppførte seg like omsynslaust og egoistisk overfor den einaste son sin som ho gjer hos Homer, der ho vinn ære på hans kostnad fordi ho er så flink til å ta vare på seg sjølv.