Filosofen Cordelia Fine skriv i ei av bøkene sine om fireåringen Jeremy som kom i barnehagen med hårspenner. Fleire gonger den dagen sa ein annan liten gut at han måtte vera jente fordi berre jenter hadde hårspenner. Jeremy prøvde å forklara at å vera gut var å ha penis og testiklar, og at hårspennene verken gjorde frå eller til. Til slutt drog han endåtil ned buksa. Det syntest ikkje den andre guten hadde noko som helst med saka å gjera: «Alle har penis, men berre jenter har hårspenner.»