Ho ser på seg sjølv som eit objekt og omtalar seg som ein gamal bil.
Solveig Aareskjold, forfattar
Eg har alltid vore vel tilfreds med det biologiske kjønnet mitt, men skeptisk til forteljingane om det. Iblant får eg lyst til å melda meg ut or heile kvinnefenomenet, særleg når ei dame på min eigen alder seier på vegner av oss alle at når me blir gamle, er det ingen som vil ha oss lenger.