16. feb.
Hyttejubel Denne veka er det vinterferie fleire stadar i landet, og mange drar på hytta. Det er kos, og alle er unnt ein hyttetur med kortstokk, kakao og klister i bagasjen.
Den massive hyttebygginga som har gått føre seg dei siste åra er derimot ikkje koseleg, og heller ikkje berekraftig, meiner Naturvernforbundet.
Det finst i dag nær ein halv million hytter, og stort meir trengst ikkje, meiner dei. Trenden dei siste tjuefem åra har vore utbygging av svære hyttelandsbyar nær skoggrensa, som har ført til ei massiv nedbygging av naturen. Hyttebygginga har vore ein av dei største trugslane mot naturen, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet til NRK.
At hyttebygginga har bremsa kraftig opp, jublar han derfor for, og ber kommunanepolitikarar og andre no ta ein fot i bakken.
Hyttene på 2000-talet er generelt mykje større og luksuriøse enn i tidlegare tider.
Det er ein illusjon at det ikkje framover også skal byggast hytter, så la oss gripa til håpet om at hyttene i framtida kan bli mindre og enklare. Det er i alle fall eit ønske hytteprodusentane ser blant folk.
Storleiken på hyttene har gått ned, og oftare blir det brukt pilarar for å fundamentera hytter, slik at ein slepp å grava opp tomta eller sprenga vekk fjell, fortel ein hytteprodusent NRK har snakka med.
Men hyttelykka kan også ligga i DNTs mange hytter, hytteleige, eller å bli med ein god venn på hytta. Må me alle eiga vår eiga hytte?.
Anne Kari Hinna