Dagboka

Spetalen

I 2014 tok Øystein Stray Spetalen initiativ til eit antisosialistisk museum på Bygdøy, der han bur. Voksfigurer av Finn Gustavsen, Leonid Bresjnev og Mao skulle freiste tilreisande, men også skremme dei vekk frå sosialistiske idear. No er Spetalen på ny i fokus, slik han ofte er i valkampar. Han set ting på spissen, men seier også veldig mykje som ikkje er sant. I eit nesten to timar langt intervju med dei unge gutane som kallar seg for Gutta, får han leggje fram alt han meiner er gale med det norske samfunnet. Gutane har ikkje peiling på noko som helst, og difor er samtalen krevjande å sjå på.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Hundeliv

Veldig få som lever på sosialhjelp eller lav trygd tør å snakke offentlig om sine erfaringer. Jeg skjønner hvorfor. Gina Skårdal, som lever på minstesats uføretrygd grunnet sykdom, skrev nylig et leserinnlegg om å leve i fattigdom i Telemarksavisa. Hun har en hverdag hvor hun ofte må hoppe over middag for å spare penger. En nødvendig tannlegetime skyves stadig fordi hun ikke har råd. Hun har måtte selge ting hun er glad i, som bunaden sin, for å dekke uventa utgifter. Skårdal har fått mange positive reaksjoner, men også blitt møtt med mobbing.

Avskåret Ishavet

Tromsø har siden ishavsnæringens og polarfarernes oppkomst på 1800-tallet vært «Porten til Ishavet». I nyere tid har byen også blitt det for polarforskere. I byen finner vi både Norsk Polarinstitutt og Norges arktiske universitet UiT som har store polarfaglige forskningsmiljøer. Svalbard er helt sentral i polarforskingen, og mange forskere bruker mye tid på øygruppa. Problemet er bare at de nå må bruke mye reisetid på å komme seg dit. De neste to ukene tilbyr SAS for eksempel kun to direktefly fra Tromsø til Longyearbyen, Norwegian har ingen. Eneste alternativ er å ta turen om ­hoved­staden for å bytte fly der. Forskerne i Tromsø fortviler.

Arendal

I andre halvdel av attenhundretalet var Arendal truleg den største sjøfartsbyen i Norden, og store delar av den norske handelsflåten var styrt herifrå. På dette tidspunktet var Noreg den tredje viktigaste sjøfartsnasjonen etter Storbritannia og USA, så Arendal var ein rik og mektig by. Seinare gjekk det nedover, og byen mista statusen sin. Etter 120 år i bakevja skulle det endeleg snu då Mette-Marit sin eldre bror Per Høiby kom på ideen om å leggje den norske varianten av det svenske lobbytreffet Almedalsveckan til byen. No kan folketalet stige med så mykje som tohundretusen menneske den andre veka i august kvart år. Det er ikkje så lett å bli klok på kva Arendalsuka eigentleg er, sjølv om eg har vore der kvart år i snart ti år. Truleg er Arendal den staden i verda eg har vore lengst utan å ha budd. Frå nærast kvar einaste kommune i Noreg kjem det folkevalde, byråkratar, offentleg tilsette og konsulentar i alle moglege selskap og føretak.