På fredag kom eitt eller anna selskap og dumpa 500 elsparkesyklar i Bergen sentrum. Som med alt mogleg anna, har det vore i Oslo og dei andre byane før. Eg har sett skriveri i sosiale medium og aviser, men ikkje heilt forstått kva greia var. Men no er eg altså med. Det står fader meg elektriske sparkesyklar midt på gata overalt! Jøye bananas, for eit opplegg. Ein kollega i ei anna avis eg møtte i døra i går tidleg, viste fram mobilen med kvitteringa for elsparkesyklinga. «Sjå på meg, då. I’m a fucking anarchist», sa han nøgd. Det er stort sett negativt folk har ytra seg, så då er det naturlege kontrære standpunktet å like sparkesyklane. Sjølv om gründerane seier dei berre vert møtt med smil og glede.