Halvor Fjermeros kjem i Klassekampen 15. juni med utfall til fleire parti samt Framtiden i våre hender. Eg kjenner ingen trong til å gå inn i ein diskusjon der det å kritisera andre sine synspunkt vert tema. Eg har stor respekt for alle parti og organisasjonar som har ei aktiv stemme i klimadebatten, og som ser at noko må gjerast. At det er ulike syn på korleis krisa skal handterast, er ei anna sak.