Å gå i eitt med vegetasjonen kan vera til det beste for mennesket.

By-monumenta

BARNESTATUAR: Skulpturen «Johanna og Broremann» av Svein Håvarstein, i Stavanger.

Alle byar må ha statuar, gjerne av menn som har gjort ein innsats for samfunnet. På slottsplassen i Oslo kneisar Karl Johan rakrygga og majestetisk på ein fyrrig gangar og minner folket på at hadde det ikkje vore for han, hadde det fått greia seg sjølv. Og det hadde jo folket langt tilbake i 1814 ikkje hatt det aller minste imot. Oppi bakken ovanfor Peterskyrkja i Roma heng fridomskjempa Giuseppe Garibaldi som ein sekk på hesteryggen og får oss til å hugsa kor frykteleg vanskeleg det er å få orden på eit land når det ikkje har ordna opp for seg sjølv for lenge sidan. Og sist eg var i Paris, stod president Pompidou, han med Pompidousenteret, og grodde ned i buskane i ein park.

Solveigs salt