Meir om språklova: For ti år sidan vedtok Stortinget at ein gong kvar fireårsperiode skal dei motta melding frå kulturministeren om språktilstanden. (Ottar Grepstad skriv nyleg om dette i Dag og Tid.) Ministrane har i ettertid ikkje brydd seg, heller ikkje Stortinget har brydd seg. Står ikkje Stortinget no på at vedtaket må følgjast, vert dommen utan nåde. Då viser Tinget null vilje til språkpolitikk. Ta Frankrike, til dømes, der får nasjonalforsamlinga kvart år ein rapport frå kulturministeren. Kvart år!
Rytmeargumentet bør ikkje telja.