I femten år, frå 1978 til 1993, var eg tilsett som lektor i norsk og historie ved Stavanger katedralskole. Næraste nabo var domkyrkja, der døra stod open og eg kunne stikka innom med klassane mine kva tid eg ville. For det er mykje lettare å forstå mellomalderen når ein står under romanske steinbogar enn når ein les om han i ei bok.