Essay

Kjøtslint­re­nes song

Produksjonslinjer: Upton Sinclair og Joseph Ponthus skjer gjennom marg og bein i sine arbeidarskildringar frå fiskeindustri og slakteri.

SLAKTERIARBEID: I boka si frå 1906 skildra Upton Sinclair harde forhold på slakteri i Chicago; Joseph Ponthus skriv frå fransk samtid. Her sameint ved eit slakteri frå Frankrike, i 1906.FOTO: WIKIMEDIA COMMONS SLAKTERIARBEID: I boka si frå 1906 skildra Upton Sinclair harde forhold på slakteri i Chicago; Joseph Ponthus skriv frå fransk samtid. Her sameint ved eit slakteri frå Frankrike, i 1906.FOTO: WIKIMEDIA COMMONS

I 1904 reiste den amerikanske journalisten og forfattaren Upton Sinclair til Chicago og levde sju veker blant slakteriarbeidarane i Union Stock Yards. Der fekk han sjå på nært hald korleis masseproduksjonen av kjøt gjekk føre seg, og korleis dei som arbeida i slaktehallane levde og strevde. Året etter skildra han forholda i den dokumentariske romanen «The Jungle», først publisert som føljetong i den sosialistiske avisa Appeal to Reason, sidan i fullversjon i 1906: «Det levde ei heil befolkning her, alle frå underklassa og dei fleste innvandrarar, som konstant var på randen til utsvelting. Dei levde på nåde av impulsane og innfalla til menn som mangla skruplar, menn som var minst like brutale som slavedrivarane i gamle dagar.» (mi omsetjing)

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Bokmagasinet

Essay

Blir forfat­teren snart overflødig?

Kommentar

Vagant og Vinduet slår seg sammen – for å gjøre hva?

Blad, blad, blad

Sommer­lek­tyre for rookies.