Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Produksjonslinjer: Upton Sinclair og Joseph Ponthus skjer gjennom marg og bein i sine arbeidarskildringar frå fiskeindustri og slakteri.

Kjøtslintrenes song

SLAKTERIARBEID: I boka si frå 1906 skildra Upton Sinclair harde forhold på slakteri i Chicago; Joseph Ponthus skriv frå fransk samtid. Her sameint ved eit slakteri frå Frankrike, i 1906.FOTO: WIKIMEDIA COMMONS

I 1904 reiste den amerikanske journalisten og forfattaren Upton Sinclair til Chicago og levde sju veker blant slakteriarbeidarane i Union Stock Yards. Der fekk han sjå på nært hald korleis masseproduksjonen av kjøt gjekk føre seg, og korleis dei som arbeida i slaktehallane levde og strevde. Året etter skildra han forholda i den dokumentariske romanen «The Jungle», først publisert som føljetong i den sosialistiske avisa Appeal to Reason, sidan i fullversjon i 1906: «Det levde ei heil befolkning her, alle frå underklassa og dei fleste innvandrarar, som konstant var på randen til utsvelting. Dei levde på nåde av impulsane og innfalla til menn som mangla skruplar, menn som var minst like brutale som slavedrivarane i gamle dagar.» (mi omsetjing)