Kulturkamper 2000-2019

Mira­kel­hausten

Det finst ikkje noko alternativ, sa marknadsliberalistane. Heller ikkje til Nav og helseføretak, sa regjeringa. Dei tok feil.

GODGUT: Joralf Gjerstad hjelpte Hanne Krogh med røysta. Dei møttest att på bokfestival i Oslo våren 2010. «Snåsamannen» vart berre meir populær i åra som kom. FOTO: GORM KALLESTAD, NTB SCANPIX Gorm KallestadGODGUT: Joralf Gjerstad hjelpte Hanne Krogh med røysta. Dei møttest att på bokfestival i Oslo våren 2010. «Snåsamannen» vart berre meir populær i åra som kom. FOTO: GORM KALLESTAD, NTB SCANPIX Gorm Kallestad

«Ja, vi tror – på Snåsamannen» var tittelen over ei dobbeltside i VG julaftan 2008. Ein hektisk haust, der entusiastiske journalistar hadde fotfølgt Joralf «Snåsamannen» Gjerstad på boksigneringsturné, gjekk mot slutten. Ved inngangen til årets mest hjartevarme høgtid kunne VG presentera ei fersk meiningsmåling frå Infact: No var det berre 16,7 prosent som avviste Snåsamannens «helbredende evner». Då hadde vi i månadsvis fått formidla vitnemål om overgangen frå tvil til tru på Gjerstads lækjande og klårsynte krefter. Mellom vitna var Trine Skei Grande, som både hadde fått hjelp mot astma og politiske råd om å stilla til stortingsval på Oslo-lista. Det var Grande som fekk illustrera VG-oppslaget om meiningsmålinga den 24. desember. Omkransa av tindrande julelys kasta bildet av Venstre-politikaren glans over den redaksjonelle konklusjonen om Snåsamannen: «Toppolitikere og det norske folk er enige.»

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Kultur

Over sofaen

I stua si kan hun betrakte Melgaard og Weidemann. Fra verandaen sin ser Unni Askeland alt.

Kulturuka

Kultur­krigen herjet på 1960-tallet også. Klimaks var utvilsomt saken om «Uten en tråd».

Bøker

Aschehoug skal selges, så årets hagefest kan fort bli den siste. Men sladder­his­to­riene vil leve videre.