Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det finst ikkje noko alternativ, sa marknadsliberalistane. Heller ikkje til Nav og helseføretak, sa regjeringa. Dei tok feil.

Mirakelhausten

GODGUT: Joralf Gjerstad hjelpte Hanne Krogh med røysta. Dei møttest att på bokfestival i Oslo våren 2010. «Snåsamannen» vart berre meir populær i åra som kom. FOTO: GORM KALLESTAD, NTB SCANPIX Gorm Kallestad

Hausten 2008 rakna verdsøkonomien, og nordmenn samla seg om Snåsakaill’n.

«Ja, vi tror – på Snåsamannen» var tittelen over ei dobbeltside i VG julaftan 2008. Ein hektisk haust, der entusiastiske journalistar hadde fotfølgt Joralf «Snåsamannen» Gjerstad på boksigneringsturné, gjekk mot slutten. Ved inngangen til årets mest hjartevarme høgtid kunne VG presentera ei fersk meiningsmåling frå Infact: No var det berre 16,7 prosent som avviste Snåsamannens «helbredende evner». Då hadde vi i månadsvis fått formidla vitnemål om overgangen frå tvil til tru på Gjerstads lækjande og klårsynte krefter. Mellom vitna var Trine Skei Grande, som både hadde fått hjelp mot astma og politiske råd om å stilla til stortingsval på Oslo-lista. Det var Grande som fekk illustrera VG-oppslaget om meiningsmålinga den 24. desember. Omkransa av tindrande julelys kasta bildet av Venstre-politikaren glans over den redaksjonelle konklusjonen om Snåsamannen: «Toppolitikere og det norske folk er enige.»