Thomas Reid heiter ein mann som den irske dokumentarfilmskaparen Feargal Ward har laga film om. Reid er bonde i byen Leixlip, i Kildare-regionen i Irland, og bur på familiegarden frå 1700-talet, rett ved ein bilveg. Regissør Ward køyrde forbi garden og såg heimesnekra protestskilt langs muren rundt eigedomen hans. Han stoppa bilen, kom i snakk med bonden, og fekk høyre om kampen hans mot teknologiselskapet Intel, som ville overta garden for å byggje ut sin irske «campus». Dei neste åra heldt samtalen fram framfor kamera, og «The Lonely Battle of Thomas Reid» blei til: Filmen viser ein einsleg bonde sin einsame kamp mot eit mektig multinasjonalt selskap – og mot ein stat som gir slike selskap makt, lèt dei dure på og få det som dei vil.
Politisk brodd: Éric Vuillards små bøker er storslått historisk litteratur.