Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Politisk brodd: Éric Vuillards små bøker er storslått historisk litteratur.

Revolt og represaliar

OPPRØR: Thomas Müntzer talar under bondeoppstanden i 1525. Frå ei tysk historiebok i 1858. ILLUSTRASJON: BRITISH LIBRARY
Litteratur

Éric Vuillard

De fattiges krig

Litteratur

Omsett av Elin Beate Tobiassen

Solum Bokvennen 2019, 62 sider

Thomas Reid heiter ein mann som den irske dokumentarfilmskaparen Feargal Ward har laga film om. Reid er bonde i byen Leixlip, i Kildare-regionen i Irland, og bur på familiegarden frå 1700-talet, rett ved ein bilveg. Regissør Ward køyrde forbi garden og såg heimesnekra protestskilt langs muren rundt eigedomen hans. Han stoppa bilen, kom i snakk med bonden, og fekk høyre om kampen hans mot teknologiselskapet Intel, som ville overta garden for å byggje ut sin irske «campus». Dei neste åra heldt samtalen fram framfor kamera, og «The Lonely Battle of Thomas Reid» blei til: Filmen viser ein einsleg bonde sin einsame kamp mot eit mektig multinasjonalt selskap – og mot ein stat som gir slike selskap makt, lèt dei dure på og få det som dei vil.