I «nær framtid» har menneska eksportert ressurskampen frå ei utarma jord til verdsrommet. Månen har vorte eit turistmål, samstundes som han er herja av væpna strid kring omstridde gruver. Mars er utskytingsrampe for reiser til det ytre rom. Hit kjem den plikttru astronauten Roy McBride (Brad Pitt) på eit oppdrag som riv han ut av livslang emosjonell isolasjon.