Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Storslegen og kvasifilosofisk

FILMENS ATLAS: Brad Pitt held «Ad Astra» oppe med sitt fysiske nærvær og psykiske «fråvær». FOTO: TWENTIETH CENTURY FOX Francois Duhamel

I rommet kan alle høyra deg snakka.

(USA, 2019)

Regi: James Gray.

Manus: James Gray, Ethan Gross.

Med: Brad Pitt, Tommy Lee Jones, Ruth Negga, Liv Tyler.

Lengde: 2 t. 4 min.

I «nær framtid» har menneska eksportert ressurskampen frå ei utarma jord til verdsrommet. Månen har vorte eit turistmål, samstundes som han er herja av væpna strid kring omstridde gruver. Mars er utskytingsrampe for reiser til det ytre rom. Hit kjem den plikttru astronauten Roy McBride (Brad Pitt) på eit oppdrag som riv han ut av livslang emosjonell isolasjon.