I Klassekampen 29. mai har Jo Skårderud ein lengre artikkel om vindkraftutbygging. Eg syns det er bra at avisa prøver å gje litt meir dekning av det opprøret som nå er i gang. Men kvifor kallar avisa dette for vindmøller og vindparkar? Dei som vil ha utbygging brukar slike omgrep fordi dei vil at vi skal oppfatta det på ein meir positiv måte enn om ein brukar vindturbin og industriområde.