Sinan er ferdig på universitetet, men det gjev han inga glede. Framtida er ikkje lys. I aude morgongry går den mutte, unge mannen langs sjøpromenaden i Çanakkale. Her ifrå kan du ta ferja til Gallipoli, der det tapande, Osmanske riket vann ein dyrekjøpt, men symbolsk viktig siger under første verdskrig.
Ceylan lèt mannsrollene sine gå og snakka i eitt sett, men stillstanden rår i tanke og tilvære.