Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ceylan lèt mannsrollene sine gå og snakka i eitt sett, men stillstanden rår i tanke og tilvære.

Om fedrar og søner

TILBAKE TIL OPPHAVET: Sinan (Dogu Demirkol) og faren Idris (Murat Cemcir) utanfor ruinane av forfedregarden. FOTO: ANOTHER WORLD ENTERTAINMENT

Klaustrofobi i breiformat.

(Ahlat Agaci, Tyrkia, 2018)

Regi: Nuri Bilge Ceylan.

Manus: Akin Aksu, Ebru Ceylan, Nuri Bilge Ceylan.

Med: Dogu Demirkol, Murat Cemcir.

Lengde: 3 t. 8 min.

Sinan er ferdig på universitetet, men det gjev han inga glede. Framtida er ikkje lys. I aude morgongry går den mutte, unge mannen langs sjøpromenaden i Çanakkale. Her ifrå kan du ta ferja til Gallipoli, der det tapande, Osmanske riket vann ein dyrekjøpt, men symbolsk viktig siger under første verdskrig.