Tormod Haugland (Klassekampen 23. mars) har rett i at «A Handmaids Tale» av Margaret Atwood kom ut fleire år før Camille Paglia slo gjennom med «Sexual Personae». Når eg skriv at Atwood må ha tenkt på Paglia då ho skapte figuren Aunt Lydia, uttrykkjer eg meg då òg i hypotetisk form, på grunnlag av kor rørande einige dei er om korleis anlegg og yteevne er fordelt mellom menn og kvinner. Ein annan som meiner det same, er den mannssjåvinistiske folketalaren Jordan Peterson, som Paglia har utnemnt til sjelefrende.