DebattErstatningEinar Jetne, pensjonist og tidl. politikar i Nordland fylkesting
I februar 1994 nedsette Stortinget Lundkommisjonen for å granske påstandar om ulovleg overvaking av norske borgarar. Kommisjonen som var leia av høgsterettsdomar Ketil Lund sendte Stortinget Dokument nummer 15 (1995-96) den 28. mars 1996. Einskildpersonar som meinte at dei hadde lidd alvorleg skade som følgje av instruksstridig registrering eller overvaking kunne søke om erstatning. 774 personar søkte. Av desse fekk 379 (deriblant underteikna) til saman utbetalt vel 11 millionar kroner.