Vi treng ny Lundkommisjon

I februar 1994 nedsette Stortinget Lundkommisjonen for å granske påstandar om ulovleg overvaking av norske borgarar. Kommisjonen som var leia av høgsterettsdomar Ketil Lund sendte Stortinget Dokument nummer 15 (1995-96) den 28. mars 1996. Einskildpersonar som meinte at dei hadde lidd alvorleg skade som følgje av instruksstridig registrering eller overvaking kunne søke om erstatning. 774 personar søkte. Av desse fekk 379 (deriblant underteikna) til saman utbetalt vel 11 millionar kroner.

I Tidsskriftet til Den norske legeforening (5/2019) har Lund ein artikkel med tittelen «Sivilombudsmannens uttalelse om ulovlig tvangsmedisinering». Innleiingsvis slår han fast at «to nylige saker tydeliggjør at dagens tvangsmedisineringspraksis er ulovlig. Praksisen må umiddelbart opphøre, og ofrene må kompenseres.» Lund skriv at han i ein tidlegare artikkel i tidsskriftet har påvist «at norsk tvangsmedisineringspraksis er ulovlig og menneskerettsstridig», jamfør Torturforbodet nedfelt i Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 3.

Vidare drøftarLund meir i detalj sivilombudsmannen si vurdering av to fylkesmannsembete (Oslo og Akershus og Aust- og Vest-Agder). Sivilombudsmannen slår i si vurdering fast at «treffsikkerheten ved bruk av antipsykotika er usikker og lav». Vidare skriv Lund at «den ulovlige praksisen har pågått i hvert fall i årene etter 1981». Og etter 2011 «har verken fylkesmenn eller helsemyndigheter vært uvitende om praksisen. At de ikke har brydd seg om ulovlighetene, som etter all sannsynlighet har skadet langt flere enn det mindretallet som har profittert, er avskyvekkende. Dette kan forstås i lys av at denne pasientgruppen ikkje har sterke talspersoner, og verken nevneverdig har interessert publikum eller media (med noen få hederlige unntak de senere år), og derfor heller ikke politikere.»

Konklusjonen er: «Siden det dreier seg om masseovertredelser av loven, vil det måtte oppnevnes et utvalg som får i oppgave å kartlegge omfanget av de ulovlige vedtakene som er truffet gjennom årene, og vurdere hvorledes pasientene skal kompenseres for overgrepene.» Over dei siste 40 åra har truleg fleire titusentals kvinner og menn på lovstridig vis vorte tvangsmedisinert innafor psykiatrien her til lands. Det er uvisst kor mange som har fått varige helseskadar av desse lovbrota. Det kan gjelde fleire tusen. På den medisinske sida er det helst nevrologar som kan vurdere biverknadane og dei påførte helseskadane.

Kommisjonen eller utvalet som Ketil Lund meiner må bli nedsett av Stortinget vil ha parallellar til Lundkommisjonen. Eg kan tenkje meg at utvalet bør bli samansett av minst ein stortingspolitikar, ein jurist, ein nevrolog og representantar for ulovleg tvangsmedisinerte. Sidan svært mange av dei skadelidande er eldre menneske, bør utvalet sikte på å gje Stortinget rapport seinast våren 2021.

Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Git: master, Env: production, Sanity: production