5. sep.
Maktgrunnlaget Under innsettingsseremonien lova Haakon den åttande å herska over kongeriket i samsvar med Grunnlova, så sant hjelpe han Gud. Det er eit viktig atterhald, for alle kan gjera feil, og dersom Gud ikkje greier ordna opp, kan han alltids orsakast med manglande eksistens.
Men enten Gud finst eller ikkje, det hadde aldri funnest noko norsk kongedøme utan han. Heidningen Harald Hårfagre kunne fara land og strand og samla riket alt han orka, straks han snudde ryggen til, datt det frå einannan igjen. Det var fordi Olav digre hadde kyrkja å støtta seg på, at han lukkast så mykje betre. Det eineveldige kongedømet av Guds nåde som fanst i dansketida, der kongen berre stod til ansvars for Vårherre, var likevel berre eit intermesso. Heilt sidan vikingtida har alle nye regentar måtta godkjennast av den herskande opinionen.
Solveig Aareskjold