Historier: Den personlege forteljinga kan bli ei tvangstrøye i naturlitteraturen.

Balansekunst

I DET FRI: Bjørnungar leiker seg på ei trestamme i måleriet «Morgen i furuskog» av Ivan Shishkin (1889). ILLUSTRASJON: WIKIMEDIA

I tidsskriftet Prosa skriv Sindre Hovdenakk om tyske forventingar til norsk litteratur før årets bokmesse i Frankfurt, der Norge som kjent er gjesteland. I Hovdenakks intervju med tyske forleggjarar kjem det fram at tyskarane ynskjer seg sakprosa – og særleg sakprosa om natur. Ein av dei tyske forleggjarane peikar på den naturromantiske tradisjonen som eit fellestrekk for Norge og Tyskland og som forklaring på den tyske interessa for norske naturbøker. Men forleggjaren har eit atterhald: «Utfordringen ligger i å balansere. Det gjelder verken å bli for folkloristisk eller for pregløst internasjonal.»

Bokmagasinet