Oskeladden er grei nok, men Smørbukk bør ingen gifta seg med.

Rollemodellar

SJØLV TROLL: For dei som ikkje vil gje slepp på det dei har.

Den tid folk vermde opp husa sine med opne eldstader, hende det rett som det var at ungane gav seg til å knaska på det brende trekolet som låg att i oska, truleg på grunn av mangel på vitamin og sporstoff. Dei blei svarte i fjeset og var til liten heider for familien, og det er lett å forstå at Per og Pål ikkje ville ha kolbitaren hengjande i hælane når dei skulle ut i verda og søkja lukka.

Solveigs salt