Kvar desember skjer det eit tilbakefall til ein tidlegare kultur.
Solveig Aareskjold, forfattar
TIDSREISE: Som om hungeren lurte rett rundt hjørnet. Opplysningskontoret for Kj‡¶ttTIDSREISE: Som om hungeren lurte rett rundt hjørnet. Opplysningskontoret for Kj‡¶tt
Mesteparten av året følgjer dagane etter kvarandre i streng orden. I femti veker på rad herskar normaliteten. Endåtil i sommarferien blir laurdag avløyst av søndag utan eit einaste unntak. Ikkje eingong påsken, som stammar frå det månebaserte tidssystemet til ein nomadekultur i Midtausten og slingrar att og fram mellom mars og april, vågar seg til å leggja langfredag til ein onsdag. Men mens påskeaftan alltid er på ein laurdag, kan julaftan hamna på kva vekedag som helst.