Tv-dramaet av Elena Ferrantes Napoli-kvartett byrjar svært bra.

Fengslande by

LEIKEN I ARBEIDARSTROKA: Ludovica Nasti (Lila) og Elisa del Genio (Lenù) nyttar dei sjansene dei har for å koma vekk frå gatene i Napoli. FOTO: HBO NORDIC

Småjenta Elena Greco er inkarnasjonen av «flink pike». Den pertentlege framtoningen signaliserer for alle at hennar identitet er stillteiande å innfri forventingane frå foreldra og lærarinna. Elenas sjølvverd blir stadfesta gjennom deira ros og knust av deira (handfaste) ris. Sjølvbiletet til Elena blir omkalfatra i det lærarinna oppdagar at den spinkle og skitne Raffaella «Lila» Cerullo er intellektuelt langt føre resten av klassen. Lilas «briljanse» kjem nemleg innanfrå. Ho er rein vilje, stiller spørsmål ved alt og føyer seg ikkje for nokon. Det trass i at ho berre er dottera til skomakaren, medan Elenas far er uniformert portnar på tinghuset. Det er ein tydeleg sosial distinksjon i fattigstroka kring Napoli på 1950-talet.

Film