Ein anekdotisk monolog full av gullkorn og intelligent tomprat.
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim
Av og med: Ibrahim Fazlic
Scenografi: Martinus Suijkerbuijk
Lysdesign: Anniken Arnøy
Musikar/DJ: Pedro Sanmartin
Alt som 18-åring i 2012 gjorde Ibrahim Fazlic seg bemerka då han skreiv og fekk oppført ein einaktar på Trøndelag Teaters «Unge dramatikere», og samstundes spela i ei av dei andre oppsetjingane. Året etter stod han nok ein gong på same scene, og eg beit meg merke i han fordi han hadde eit heilt spesielt scenisk nærvær.