Då Sovjet i 1956, tre år etter Stalins død, slo ned opprøret i Ungarn, vekte det stor uro blant både folk og marionetteregjeringar i andre austeuropeiske land. Ti år etter verdskrigen mot fascismen stod sovjetiske hærstyrkar framleis i grannelanda, som eit tydeleg teikn på at målsetnaden med det – sterkt mislikte – militære nærværet var endra.