– Prosessen var viktigare enn filmen, seier regissør Carl Javér om kinoaktuelle «Rekonstruksjon Utøya».
Vitna styrer forteljinga
FilmGuri Kulås (tekst), Bergen og Morten Røhr (foto), Oslo
Fire overlevande frå Utøya levandegjer minna om terroren framfor kamera.
– For meg som regissør var det viktig å ta eit steg tilbake og sleppa til dei overlevande, sa Carl Javér til Klassekampen, då vi møtte han i Bergen under Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF) for to veker sidan.