Du kan bla til neste sideBla med piltastene

– Prosessen var viktigare enn filmen, seier regissør Carl Javér om kinoaktuelle «Rekonstruksjon Utøya».

Vitna styrer forteljinga

FEKK KONTROLLEN: – Det var viktig at sjølve filmprosessen var demokratisk, seier den svenske dokumentaristen Carl Javér om «Rekonstruksjon Utøya». Morten Røyr / Klassekampen

Fire overlevande frå Utøya levandegjer minna om terroren framfor kamera.

– For meg som regissør var det viktig å ta eit steg tilbake og sleppa til dei overlevande, sa Carl Javér til Klassekampen, då vi møtte han i Bergen under Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF) for to veker sidan.