Film

Ny von for Libanon

TIL RETTEN: Ein privat konflikt veks til han trugar heile den skjøre fredsbalansen i Libanon i «Fornærmelsen».FOTO: ARTHAUS TIL RETTEN: Ein privat konflikt veks til han trugar heile den skjøre fredsbalansen i Libanon i «Fornærmelsen».FOTO: ARTHAUS

(L’insulte, Libanon, 2017)

Regi: Ziad Doueiri.

Manus: Ziad Doueiri, Jouelle Touma.

Med: Kamel El Basha, Tony Hanna, Diamand Bou Abboud, Rita Hayek.

Lengde: 1 t. 53 min.

Ziad Doueiri har vendt heim til fødebyen Beirut etter å ha levd eit kosmopolitisk filmliv i over 20 år. Eksilet har gjeve regissøren tid og avstand nok til å sjå konfliktane i heimlandet utanfrå. Det kjem tydeleg til syne i «Fornærmelsen». Filmforteljinga avslører innfødd (og interessant) detaljkunnskap om etniske skilje og livsvilkår i ein av verdas mest krigsprega byar, men det finst òg eit snev av irettesetjande overlærar i Doueiris forteljarrøst, som ikkje fanst i den sjølvbiografiske borgarkrigsfilmen «West Beirut» (1998). Den nye tonen provar ikkje berre at filmskaparen har vorte eldre, men også at eksil-libanesaren er fridd frå det daglege trykket av gamle traume og kontinuerleg sekterisk og sosial gnissing. Filmens to kamphanar er produkt av slikt stress, samla opp over tiår og gjennom generasjonar.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Film

Serie

Youth

50-årene er visstnok kjent som alderdommens ungdomstid. Ideen fyller midtlivs-serien «Youth» med både panikk og komikk.

Barnefilm

Sauen Shaun – Gårdens får­ban­nelse

Like oppfinnsom som vanlig, men ikke like sjarmerende.

Film

Drapet på Benjamin Hermansen

25 år etter Benjamin skjer det enno rasistiske drap i Noreg.