20. juni
Likevekt Eg synest det er stas når fotballfansen vår sit på ein amerikansk stadiontribune og roper hu! hu! mens dei gjer åretak med armane som om dei ror eit vikingskip. For det særeigne med kulturen her i nord var at krigarane rodde sjølve, i staden for å fylla dei smekre skipa sine opp med slavar.
Rett nok brukte ikkje dei verkelege vikingane kuhorn på hjelmane, og ikkje var det noko typisk norsk med dei heller: I dei norrøne sogene er ein viking det same som ein røvar, same kor han kjem frå. Dessutan var den såkalla vikingtida først og fremst kjenneteikna ved havgåande skip og internasjonal kontakt, og kunne vel så gjerne heitt den norrøne utferdstida. Eller den store samhandlingsepoken, i og med at det ikkje blei mindre vald etterpå, då makta blei samla på færre hender. Dessutan fekk folk flest skralare helse, og det var knapt nokon som hugsa at det hadde funnest ein liten koloni av norskætta kvinner og menn i Nord-Amerika.
Ein gong midt på ellevehundretalet, halvtanna hundre år etter at handelsmannen Leiv Eiriksson steig i land i Vinland og hundre år etter at vikingtida offisielt var slutt, kom bergensaren Eindride unge heim frå det indre Middelhavet, der han hadde jobba som leigesoldat, og sa til Ragnvald jarl, som var på besøk frå Orknøyane, at han burde ta seg ein tur til dei store og mektige landa i sør, han òg. Det blei opptakta til ei kombinert røvar- og pilegrimsferd som gjev innsyn i den eineståande likevektsfilosofien i ein nesten gløymd kultur.
Mange ville vera med, så sant Ragnvald var førar for heile ekspedisjonen, for han var svært godt likt.
Solveig Aareskjold