Situasjonen såg ganske lys ut for Jonas Gahr Støre og Arbeidarpartiet, som i går samla pressa til halvårleg pressekonferanse. Etter veker med borgarleg budsjettbråk låg Ap på eit skyhøgt nivå på målingane. I går skulle Støre hamre laus på regjeringas manglande innsats mot arbeidsløysa. I staden måtte han forsvare eit vedtak om etterlønn til stortingsrepresentantar som vanskeleg lèt seg forsvare. Bakgrunnen er innstillinga frå presidentskapet om «at det i særlige tilfeller skal kunne innvilges etterlønn i en periode på inntil 24 måneder». Måndag vart dette vedtatt i Stortinget mot stemmene til Høgre, SV og MDG. Mens andre som mistar jobben må klare seg på dagpengar i 104 veker, skal dei folkevalde kunne få 600.000 kroner i to år før dei må over på dagpengar. Da stortingsfleirtalet stemte for dette, vedtok dei også at det skal vera forskjell på liv og lære.