Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Leder

Liv og lære

  • Situasjonen såg ganske lys ut for Jonas Gahr Støre og Arbeidarpartiet, som i går samla pressa til halvårleg pressekonferanse. Etter veker med borgarleg budsjettbråk låg Ap på eit skyhøgt nivå på målingane. I går skulle Støre hamre laus på regjeringas manglande innsats mot arbeidsløysa. I staden måtte han forsvare eit vedtak om etterlønn til stortingsrepresentantar som vanskeleg lèt seg forsvare. Bakgrunnen er innstillinga frå presidentskapet om «at det i særlige tilfeller skal kunne innvilges etterlønn i en periode på inntil 24 måneder». Måndag vart dette vedtatt i Stortinget mot stemmene til Høgre, SV og MDG. Mens andre som mistar jobben må klare seg på dagpengar i 104 veker, skal dei folkevalde kunne få 600.000 kroner i to år før dei må over på dagpengar. Da stortingsfleirtalet stemte for dette, vedtok dei også at det skal vera forskjell på liv og lære.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?