Takk til Frode Korslund som ordna med å få tilsendt kopi av det omtalte språkbrevet frå Dag Gundersen i 1992 til NRK-medarbeidarane. Me kan då slå fast at eg hugsa feil (og slikt er utillateleg og inga orsaking for!). Professor og dåverande språkkonsulent for NRK, Dag Gundersen, siterte ikkje noko brev, han skreiv at det «er ingen tvil om at Munch ville ha navnet uttalt ‘munk’».