Dei som ikkje heldt mål, måtte gå første klasse om att.
Solveig Aareskjold
Undervising: Nett ei slik frøken som alle barn vil ha. Undervising: Nett ei slik frøken som alle barn vil ha.
I etterkrigstida var det mangt som tydde på at det likevel var Hitler som vann. På mine kantar hadde me ein skuletannlege som gjekk opent ut med at han hadde til mål å knekkja ungane. Lærarane gav elevar med lærevanskar same nådelause medfart, og skildringa av barnemishandling i «Jonas» av Jens Bjørneboe er ikkje veldig overdriven.