I opninga av Teju Coles «Åpen by» les forteljaren Julius høgt for seg sjølv. Røysta til den halvt nigerianske, halvt tyske psykiateren blandar seg med lyd frå radioen: «Inni dette soniske sorlet tenkte jeg på Augustin og hans forbløffelse over biskop Ambrosius, som skulle ha oppdaget en måte å lese på uten å si ordene høyt».
New York: «Åpen by» er ein flakkande roman som utforskar og utfordrar det moderne, kosmopolitiske mennesket.