Namsos Trafikkselskap ASA (NTS) er det firmaet som har vunne konkurransen om nye kontraktar i flest ambulanseområde innanfor helseregion Midt-Noreg. I åtte av 21 ambulanseområde har NTS gått av med sigeren. Det har ført til opprør blant dei tilsette i selskapa som i dag driv ambulansetenestene i områda. For mange av dei vil ein overgang til NTS sine lønnsvilkår bety eit vesentleg lønnsnedslag. – Så langt vi kjenner til, vil NTS tilby ei topplønn inkludert tillegg på 321.000, noko som vil gi eit kraftig lønnsnedslag for oss. I naboområdet vil eit anna firma betala 362.000, seier Geir Strøm, tillitsvald for dei tilsette i Hitra Ambulanse AS, til Klassekampen. – Dette fører til kompetanseflukt. Ingen av dei som no arbeider i ambulansetenesta på Hitra og Frøya, vil bli med over i eit nytt selskap på slike vilkår, seier han.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn