Sveip til neste sideBla med piltastene
Vekas bokTeikneserie

Frykt og akevitt i Jølster

To slaurar med sprikande staurar.

VILL VEST: Nikolai Astrup (1880–1928) i godt lag og godt slag. ILLUSTRASJON: FRÅ BOKA

Ragnar Hovland og Steffen Kverneland (ill.)

Astrup

Samlaget 2026, 205 sider

Ein roadtrip til Astruptunet i Jølster og omkringliggjande herlegdomar høyrer med i danninga til ein kvar dunete vestlending med eit grann kulturell sjølvrespekt. Sjølv drog eg dit med to andre slaurar, i ein bil som hadde sett betre dagar, og med ei lomme­bok som skulle sleppe å sjå verre. Plast­laminatet hadde knapt kjølna på førarkortet, og vi kjende livsrøynsla sprengje på for kvar kilometer vi køyrde. Rett nok blei det mest utanomastruplege affærar: Vi sanka inn lødig litteratur frå bokbyen i Fjærland – mellom anna apokryfe skrifter av ein viss Hovland – og dreiv eksperimentelt friluftsliv i skogen oppom det ikkje så reint lite fordoms hotellet Mundal.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen