VILL VEST: Nikolai Astrup (1880–1928) i godt lag og godt slag. ILLUSTRASJON: FRÅ BOKA
Ragnar Hovland og Steffen Kverneland (ill.)
Astrup
Samlaget 2026, 205 sider
Ein roadtrip til Astruptunet i Jølster og omkringliggjande herlegdomar høyrer med i danninga til ein kvar dunete vestlending med eit grann kulturell sjølvrespekt. Sjølv drog eg dit med to andre slaurar, i ein bil som hadde sett betre dagar, og med ei lommebok som skulle sleppe å sjå verre. Plastlaminatet hadde knapt kjølna på førarkortet, og vi kjende livsrøynsla sprengje på for kvar kilometer vi køyrde. Rett nok blei det mest utanomastruplege affærar: Vi sanka inn lødig litteratur frå bokbyen i Fjærland – mellom anna apokryfe skrifter av ein viss Hovland – og dreiv eksperimentelt friluftsliv i skogen oppom det ikkje så reint lite fordoms hotellet Mundal.